Årsmøte 2024

Årsmøte i Ulstein KFUK-KFUM tysdag 27.februar 2024 kl 19.30 på Fredheim. (mer…)

Årsmøte 2023

Fredheim.

Årsmøte i KFUK-KFUM Ulstein Tid:  Tysdag 28. februar 2023 kl 19.30 Stad: Fredheim (kjellaren) (mer…)

Velkomen i speidaren!

Speidarar på tur
Speidarar på tur

Da er vi klare til eit nytt speidarsemester! Dei fleste patuljene har funne møtedag og kontaktpersonane er klare.

(mer…)

Menighetsweekend for Ulstein Sokn 13-15.januar

Er du klar for eit varm fellesskap i ein vinterkald januar? 13-15.januar inviterer vi til menighetsweekend, der vi håpar at du og dine har lyst å vere med. (mer…)

Årsmøtet 15. februar 2022

Fredheim.

Årsmøte i KFUK-KFUM Ulstein Tid: 19.00 tysdag 15. februar 2022 Stad: Fredheim (oppe) (mer…)

Eit aktivt annleisår i KFUK-KFUM Ulstein

KFUK-KFUM Ulstein kan sjå tilbake på eit 2020 der koronatiltaka påverka mykje, men der laget likevel fekk gjennomført mange kjekke aktivitetar for barn, unge og vakse. Det var både faste aktivitetar frå veke til veke og større enkeltarrangement. I speidaren og i Ten Sing var tala på aktive til og med høgare i koronaåret 2020 enn i 2019.

(mer…)

VT 10. april vert digitalt

Vintertreffet som skulle ha blitt arrangert for Ten Sing-gruppene i fylket i februar, vart utsett på grunn av koronasituasjonen.

No er den nye datoen på plass, og Møre og Romsdal KFUK-KFUM inviterer igjen til VT!

Denne gongen står VT for Vårtreff og er eit dagsarrangement laurdag 10. april.

På grunn av smittevern vert det ikkje gjennomført eit fysisk treff i Ulsteinvik for dei ulike Ten Sing-gruppene.

Det vert i staden eit digitalt treff som samlar bidrag frå kvar av gruppene.

Les meir om arrangementet på Facebook.

 

Innkalling til årsmøte 2021

På grunn av koronarestriksjonane blir årsmøtet i år halde først den 16. mars. Velkomen!

(mer…)

Velkomen til semesteropning

Velkomen til semesteropning for Ulstein KFUK-KFUM søndag 25. august. (mer…)

Gospelkoret med Alive

Gospelkoret gler seg til å arrangere påskekonseren «Alive» i Ulstein kyrkje torsdag 11. april kl 20.00. (mer…)

Årsmøte i Ulstein KFUK-KFUM 21. februar 2019 kl. 18.00

Fredheim.

Ulstein KFUK-KFUM kallar inn til årsmøte torsdag 21. februar 2019 kl. 18.00 på Fredheim. Vi reknar med å vere ferdig kl 21.00. Årsmøtet vert opna med ord for kvelden.

Sak 1
Konstituering

Sak 2
Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 3
Årsmelding for arbeidsåret 2018

Sak 4
Rekneskap for 2018 og budsjett 2019

Sak 5
Val

Sak 6
Orienteringssaker med varm matykt
– Bruk av jubileumsgåve frå Sparebanken Møre
– Semesterplan 2019
– Kva skjer med Fredheim når ny kyrkje skal byggast

Frist for å melde saker til årsmøte er satt til torsdag 31.januar 2019. Eventuelle saker sendast til styreleiar Magne Grimstad jr. – magne@osberget.no

Stor gåve frå Sparebanken Møre

Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre saman med leiar i Ulstein KFUK-KFUM, vaksenleiar Ruben Voldsund og Ulstein Ten Sing.

I høve 175-årsjubileet til Sparebanken Møre, delar banken ut 175 000 kroner til prosjekt som bidreg til trivsel, vekst og utvikling i regionen. I kvar kommune i fylket banken er etablert, vil ein tildele 175 000 kroner til ein verdig mottakar i sitt område. I Ulstein var det Fredheim som blei funnen verdig. (mer…)

Vellukka Fredheimbasar

Mange møtte fram til Fredheimbasaren laurdag 3.november.

Laurdag 3. november arrangerte Ulstein KFUK-KFUM Fredheimbasar. Inntektene frå basaren går til drifting av Fredheim og arbeidet knytt til Fredheim. Over hundre tusen kroner kom inn. På dagtid var det tombola og kafé. Seinare på dagen var det god gammaldags basar med  årar. Fullt hus på Fredheim. I tillegg var det loddbøker. (mer…)

No er det klart for Fredheimbasaren! 

Fredheim.

Velkomen til Fredheimbasar laurdag 3. november. Be med deg ein ven, eller kom åleine. Alle er hjarteleg velkomne til ei kjekk og sosial stund med litt spenning og god stemning! (mer…)

Feira fire ti-år med tensing

Jubileumskoret med dirigent Kirsti Pedersen Haugen ved pianoet.

Ulstein Ten Sing kunne ha fått namnet «Støpsel», om forslaget om å matche namnet til ungdomskoret «Kontakt» på Stranda hadde fått gjennomslag. (mer…)

Årsmøte i Møre og Romsdal krins av Norges KFUK-KFUM

Ragnhild Blindheim og Eivind Roos møtte som ungdomsrepresentantar frå Ulstein KFUK-KFUM.

Søndag 18. mars gjennomførte Møre og Romsdal krins av Norges KFUK-KFUM sitt årsmøte. Årsmøtet blei gjennomført i Ålesund og i lokala til Ynglingen. (mer…)

Påskekonsert med Gospelkoret

Gospelkoret klar for påskekonsert.

Påska nærmar seg og Gospelkoret gler seg til årets påskekonsert. Onsdag 21. mars kl 20.00 vil vi fylle Ulstein kyrkje med flott song og musikk.

(mer…)

Ulstein Ten Sing feira 40 års-jubileum

Klare for å feire 40 år! Frå høgre ser vi Ruben Voldsund, Magne Grimstad jr., Beate Mjøen Berg, Einfrid Grindheim, Mari Ann Vattøy og Ragnhild Blindheim.

Våren 1978 blei Ulstein Ten Sing starta. Hausten 1967 hadde presten Kjell Grønner starta det første Ten Sing-koret i Norge etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America. Ten Sing fekk sitt store gjennombrot på TenåringsTreff i Sandefjord, sommaren 1968, og nye ten sing grupper blei starta over heile landet. Elleve år seinare var tida komen til Ulstein. (mer…)

Årsmøte med søkelys på inkludering

Ulstein KFUK-KFUM kan sjå tilbake på eit år med stor aktivitet, både blant barne, ungdom og vaksne. På årsmøtet 1. februar vart Jan Einar Roos takka av etter fem år som leiar, og Magne Grimstad jr. tok over stafettpinnen som leiar. (mer…)

Lotteritilsynet har trekt vinnarloddet

10. januar 2018 trekte Lotteritilsynet vinnarloddet i billotteriet til Ulstein KFUK-KFUM.

Vinnarloddet har nummeret 1632.

Vinnaren vert kontakta av styret i Ulstein KFUK-KFUM.

Fredheim er nymalt

Dronefoto: Stian Vågeskar

Ein 7-dagarsdugnad med utvendig vedlikehald på Fredheim er fullført.

Husnemnda ved Erik Andreassen, Erling Vågeskar og Svein Rødset har stått føre dugnaden. Flott innsats har også Arild Myklebust, Eldar Husøy, Olav Sæter, Per Ove Osnes og Stian Vågeskar gjort.

Dette vart gjort: Skraping, pussing og grunning, kitting og måling av austveggen og del av nordveggen med alle vindauge. Knust vindauge reparert (sponsa av Rammesenteret). Dør og vindauge i kjellaren mot vest er også skarpa, grunna og måla. Det er skifta svilebord på taket i søraust av hovudhuset. Inngangsdørene er pussa, olja og justerte.

Eit grundig og nødvendig vedlikehald!

Dronefoto: Stian Vågeskar

Vinnar billotteriet 2017

Lotteritilsynet har no trekt vinnarloddet i billotteriet vårt. Halvor Mjøen Berg er den heldige vinnaren. Vi gratulerer!

Lotteriet vart arrangert i 2017 til inntekt for speidaren, Ten Sing, Tween Sing, leiartrening og anna arbeid Ulstein KFUK-KFUM driv for barn og ungdom.

Salet gjekk føre seg fram til årsskiftet, med dør-til-dør-aksjon og stand på kjøpesenter, festivalar, messer og loppemarknadar. 

Gevinsten er ein Mitsubishi Space Star, ein personbil med ein listepris på 181 500 kroner.

Totalt vart det seld 1408 lodd, og blant desse har Lotteritilsynet trekt vinnarloddet, som har nummeret 1632. Loddet tilhøyrer Halvor Mjøen Berg. 

Berg er oppvaksen i Ulsteinvik og bur no i Bergen, der han til dagleg studerer ved Noregs handelshøgskule.

Lotteriet gir eit overskot på om lag 60 000 kroner til barne- og ungdomsarbeidet KFUK-KFUM driv i Ulstein.

Tidlegare tekst

Vinn ein bil og støtt Ulstein KFUK-KFUM! Ein splitter ny Mitsubishi Space Star (listepris 181 500 kroner) blir din viss du vinn billotteriet vi arrangerer i 2017.

Vinnarsjansen er uvanleg høg, for det er berre trykt i underkant av 5000 lodd! Til samanlikning er vinnarsjansane i Lotto så låge som 1 til 5 000 000 og i Tipping 1 til 500 000.

Laurdag 10. juni kan du kjøpe lodd på Kulturallmenningen i Ulsteinvik mellom kl. 10 og 18.

Inntektene frå lotteriet går til arbeidet Ulstein KFUK-KFUM har for barn og ungdom: Ten Sing, Tween Sing, speidar, leiartrening m.m.

Lotteriet har løyve frå Lotteritilsynet, som trekker vinnarloddet 10. januar 2018. Det er trykt 4840 lodd. Uselde lodd vert ikkje med i trekkinga. Vinnaren vil bli tilskriven.

Globalløpet 2017

7. mai 2017 arrangerer Sunnmøre folkehøgskule globalløp i Ulsteinvik sentrum, til inntekt for skulen sitt Ilula-prosjekt.

Sjå arrangementet på Facebook.

Midlane går til arbeid for foreldrelause born og unge åleinemødre i Ilula i Tanzania, der skulen samarbeider med Ilula Orphan Program og Ilula YWCA. Prosjektet er ein del av Stop Poverty-kampanjen som er utvikla av KFUK-KFUM Global, der målet er å utrydde ekstrem fattigdom innan år 2030.

Folkehøgskulen har fokus på dette prosjektet gjennom heile året, og samlar inn pengar på ulike måtar. Globalløpet er den største inntektskjelda. I 2016 samla dei inn 447 000 kr. på løpet, med over 100 lokale deltakarar i tillegg til alle skulen sine elevar. Til saman var 215 deltakarar med.

Dagen startar med gudsteneste i Ulstein kyrkje kl. 11 der prosjektet blir presentert og elevane deltek. Så startar sjølve løpet rett etter gudstenesta utanfor kyrkja/rådhuset.

Løpet går ut på å springe eller gå så mange runder på 1 km som ein greier på ein time. Deltakarane skaffar sjølve sponsorar, enten pr. runde eller eit totalbeløp. Folkehøgskuleelevane stiller med kostymer, litt program med m.a. felles oppvarming, matsal og liv og røre i sentrum.

Få med deg vener og familie og bli med!

Årsmøte og medlemskveld 1. mars 2017

Vel møtt til årsmøte og medlemskveld på Fredheim!

Program:

18.00  Årsmøte med vanlege årsmøtesaker (sjå dokument nedst på sida)
– Konstituering
– Godkjenning av innkalling og sakliste
– Årsmelding frå Ulstein KFUK-KFUK
– Rekneskap frå styret 2016
– Budsjett 2017
– Val

19.15  Matykt med varmmat

19.45  Medlemskveld
– Øyvin Sønnesyn og linja Global Safari fortel om Sunnmøre Folkehøgskule sitt prosjekt i Ilula, Tanzania.
– Ten Sing syng.
– Allsong
– Magne Grimstad fortel om ny kyrkje.

Årsmøtedokument

Årsmelding for 2016

Revidert rekneskap for 2016

Innstilling frå valkomiteen

Raus gåve til Ulstein KFUK-KFUM

Opplæring Vest støttar Ulstein KFUK-KFUM med 10 000 kroner. Gåva gjer det mogleg å styrke det breie barne- og ungdomsarbeidet KFUK-KFUM driv lokalt. (mer…)

Ulstein Ten Sing – koret for alle frå 8. klasse til og med vidaregåande skule

Vi øver kvar onsdag kl. 19.30–21.30 på Fredheim.

Her kan du få mange nye venner – bli med, då vel!

Følg oss på Facebook

Kontakt

Øystein Grimstad Thormodsæter, styreleiar, tlf. 93 63 53 45