Menighetsweekend for Ulstein Sokn 13-15.januar

Er du klar for eit varm fellesskap i ein vinterkald januar? 13-15.januar inviterer vi til menighetsweekend, der vi håpar at du og dine har lyst å vere med. Det blir mat på ferdig dekka bord, tankar for helga, lovsong, ute- og inneaktivitetar, underholdning og mykje god tid til å berre vere i lag. Er vi heldige får vi også snø og fine forhold for aking eller ski. Orreneset ligg perfekt til både for langrenn, alpint og akebrett- og snøleik. Leiren blir ein samarbeidsleir, der alle får ei lita oppgåve, men maten treng vi ikkje å tenke på. Der kjem vi til duk og dekka bord. Meld dokke på og ver med å lage ei super menighetshelg på Orreneset

Påmelding og prisar finn du her:

https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/Ulstein_sokn/nyheitsarkiv/endeleg%20p%C3%A5%20leir%20igjen/

Historia om Fredheim

Fredheim før Sunnmøre Ungdomsskule flytta inn i eige bygg jula 1918.

I 2011 skreiv Ingvil Eilertsen Grimstad ein artikkel om arkitekt Johan Osnes i Levd liv. Johan Osnes var fødd i 1872 og døydde i 1961. Johan kom frå Iverhaugen på Osnes og utdanna seg til arkitekt. Han teikna blant anna Fredheim (1909) og gravkapellet på Osnes (1924). I artikkelen om Johan Osnes har vi henta ut det som gjeld Fredheim. (mer…)