Årsmøte med søkelys på inkludering

Ulstein KFUK-KFUM kan sjå tilbake på eit år med stor aktivitet, både blant barne, ungdom og vaksne. På årsmøtet 1. februar vart Jan Einar Roos takka av etter fem år som leiar, og Magne Grimstad jr. tok over stafettpinnen som leiar.

Med seg i styret får han Torill Vågen Vattøy, Anna Garnes Sæter, Edith V. Steinsvik, Silje Kiperberg Aksnes, Andreas Halle, Per Ove Osnes, Bjørg-Allis Haanes (vara) og Arnfinn Godø (vara). Grimstad poengterte at arbeid for å reise den nye arbeidskyrkja, som vil gi barne- og ungdomsarbeidet til KFUK-KFUM langt betre rammer, vert ei hovudoppgåve for laget framover – i tillegg til dei faste aktivitetane.

Lars Erling Bjåstad Hovlid var invitert for å informere om inkluderings- og mangfaldsarbeidet i Ulstein kommune, feltet han er leiar for. Hovlid viste til at Ulstein er eit lokalsamfunn som fungerer godt på mange områder, men at her også er grupper og enkeltmenneske som fell utanfor. Derfor er det behov for å arbeide med inkludering på mange frontar.

Ingrid Elise Sigmundstad deltok og fortalde om Forandringshuset, eit innovativt tiltak KFUK-KFUM driv i fleire norske byar. Sigmundstad er koordinator for Forandringshuset på Grønland i Oslo. Forandringshusa er mangfaldige møteplassar der ein spesielt jobbar med å inkludere dei som av ulike grunnar opplever utanforskap.