KFUK–KFUM Ulstein har ei rekke K-grupper. Ta kontakt om du ønsker å vere med i ei!

K-gruppe er ei forkorting for KFUK-gruppe – kristen foreining for unge kvinner. Kvinnegruppene varierer i storleik, nokre samlar nærmare 15 personar.

Medlemmene i ei gruppe møtest gjerne ein gong i månaden. Samlingane er som oftast heime hos dei ulike medlemmene i gruppa – med enkel servering.

Alle K-gruppene har ein kristen profil. Kvar gruppe avgjer korleis dei legg opp samlingane sine. Samtalekveldar, turar og føredrag er døme på moglege opplegg. Ein eller to gongar i året har vi eit felles helgearrangement for alle K-gruppene i Ulstein og Hareid.

KFUK–KFUM Ulstein ønsker at gruppene gjer ein innsats for det kristne fellesskapet, t.d. ved å arrangere kveldsgudstenester, bidra med kyrkjekaffi, samle inn pengar til eit bestemt føremål o.l.

Det kostar i utgangspunktet ikkje noko å vere med i ei K-gruppe, men det er ønskeleg at ein betalar medlemsavgift til KFUK-KFUM.

KFUK-KFUM Ulstein har også ei støttegruppe: Forbundsringen

Kontakt

Silje Kiperberg Aksnes – tlf. 993 79 147 – siljekip@hotmail.com

Det er for tida ingen aktive M-grupper (mannsgrupper) i regi av KFUK–KFUM Ulstein.